Odd Knivsflå

Odd var den siste som slo på Knivsflå medan det var drift på garden, 1965. Odd har vore medeigar av Geiranger Skysslag, og var med å køyre turistar på vegane i Geiranger då gardane gjekk saman å kjøpte bilar. Odd var også med på snømåkinga for hand når vegen austover skulle opne våren. Odd gjekk snikkarlinja på Borgund. Han har dreve eget foretak. Vi gratulerer Odd, far, svigerfar, besten så mykje med 90-årsdagen! Glad i deg. Frå næraste familie.

Publiseringsdato 22.07.2024




Jubilantar