Agnes og Hilda fyller 100

Tvillingsøstrene Hilda Kjerstad og Agnes Longva fyller 100 år 30. juli. Hilda bur heime i huset sitt på Lepsøya, medan Agnes har budd i leilegheit i Brattvåg sidan nyttår. Frå før er dei to kjende som «strikkedamer» både i vekeblad, aviser og nrk. Hilda strikkar enno for Husfliden, og driv dessutan med hagestell om sommaren. Agnes har selbuvottar på pinnane, men det blir ikkje mange «omfar» i gongen. Storfamilien gratulerer hjarteleg med jubileet!

Publiseringsdato 27.07.2024




Jubilantar