Ivar Holmen, 95 år 26.4.2024

Ivar var den siste drivaren av strandgarden Stordalsholmen. I tillegg til gardsdrift på gamlemåten var laksefiske med kilenot ei viktig inntektskjelde. I 1970 blei garden fråflytta, men Ivar har brukt alle sine krefter på å ta vare på garden og dei særmerkte husa. For denne innsatsen har han fått Godt Vern-prisen. Trass i høg alder bur han framleis i eigen bustad i Stordal, går til butikken og ordnar seg sjølv i eitt og alt. Familien gratulerer jubilanten!

Publiseringsdato 25.04.2024




Jubilantar