Hjørdis Kvangarsnes 100 år

26.06.2019

Lærar og misjonær Hjørdis Kvangarsnes frå Volda fyller 100 år den 26. juni. Ho tok lærarskule i heimbygda før krigen, så misjonsskule i Oslo, og i 1947 vart ho rektor på misjonsselskapets skule i Toleara på Madagaskar. I 1959 kom ho tilbake til Volda, og arbeidde heile yrkeslivet i småskulen. No bur ho på Volda omsorgssenter. Tanteborn, born av tanteborn, slekt og vener gratulerer med dagen!




Jubilantar