Karen Simonnes Aanes

15.05.2019

Karen Simonnes Aanes, tidlegare ordførar i Ørskog kommune, fyller 70 år 18. mai. Ho er fødd på Eidså i Vanylven og er gift med Arild Aanes. Dei har to born og seks barnebarn. Jubilanten er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og var aktiv i lokalpolitikken Ørskog i fleire år. Simonnes Aanes er no leiar av lokallaget til Hørselhemmedes Landsforbund på nordre Sunnmøre. Dagen blir feira på kyrkjestova på Sjøholt. Slekt og vener gratulerer med dagen.