Leif Austnes 90 år

25.05.2019

Laurdag 25. mai fyller vår spreke, kunnskapsrike, sosiale, omsorgsfulle og songglade Leif 90 år. Leif vaks opp på Haramsøya, men flytta seinare til Vatne. Der møtte han kona Solbjørg, og saman flytta dei med sine fire born til Godøya for å bli gardbrukarar. Leif er fortsatt på daglige sykkelturar, og røysta hans høyrer du klart under songen på bedehuset. Vi gler oss til å feire dagen din! Vår kjære Leif - gratulerer med 90 år! Stor klem frå flokken din.