Johan Krumsvik 90 år

Livet til sjøs har prega jubilanten i alle år. Det byrja med segling over Voldafjorden som tiåring der han skyssa lærarstudentar i ein seglrigga færing med råsegl laga av bestefaren. Seinare var det Statens Fiskarfagskule, marinen og selfangst i Vestisen og Newfoundland som stod for tur. Stor kunnskap om fiskemed og linefiske har gleda mange i pensjoniståra, og vi er så glad i vår snille og omsorgsfulle jubilant. Gratulerer! Vh familien

Publiseringsdato 04.07.2022




Jubilantar