Kjellaug Leinebø Nybø

fyller 90 år 6.03. Jubilanten vaks opp på Leinane og flytta til Kvalsund i 1961 då ho gifta seg med Johan. Før det tok ho utdanning som formingslærar ved Statens kvinnelege industriskule i Oslo. Den lengste tida var ho formingslærar ved Ytre Herøy ungdomsskule. Vi er alle svært takksame for at helsa hennar er god slik at ho får bu i heimen sin på Kvalsund. Vi ynskjer deg til lukke med den store dagen. Sara Janne og Gunnar m/fam.

Publiseringsdato 05.03.2022




Jubilantar